Dei fem søylene i Islam

Det er fem handlingar ein truande muslim har plikt til å utføre. Dette er dei fem søylene som skal bere truslivet. Desse søylene er:

  • Truvedkjenninga – dette er den viktigaste og viser at vedkommande er truande muslim.
  • Bønn – ein muslim må be fem gongar i døgnet med hovudet vendt mot den heilage byen Mekka.
  • Velferd – dette er ein skatt som muslimane betaler for å gi pengar til fattige og sjuke.
  • Faste – i fastemånaden ramadan skal ein ikkje ete og drikke mellom soloppgang og solnedgang.
  • Pilegrimsreise – alle muslimar må reise til den heilage byen Mekka minst éin gong i livet.

Kjelde: wikipedia.no