DNA

Namnet DNA er ei forkorting som står for deoxyribonucleic acid, eller deoksyribonukleinsyre på norsk. DNA inneheld oppskrifter som bestemmer korleis organismen skal sjå ut og fungere. Dette kan til dømes vere fargen på ein blomster eller blodtypen hos eit menneske. Desse oppskriftene blir kalla gen. DNA blir kalla arvestoff fordi desse oppskriftene blir vidareførte (arva) frå ein generasjon til den neste. Alt DNA må kopiere seg sjølv når nye celler blir danna ved celledeling. Dei nye cellene har heilt likt DNA. Sjølve DNA-kopieringa blir kalla DNA-replikasjon.

Kjelde: snl.no