Domene

Domene er eit administrativt delområde i eit datasystem eller datanettverk. På internett bruker ein domene eller domenenamn om ein organisasjon sitt unike namn på internett, for eksempel ibm.com eller telenor.no. Dei siste bokstavane i eit domenenamn (her .com og .no) høyrer til eit avgrensa tal med toppnivådomene. Desse fell i to grupper, dei generiske som «.com» (kommersielle føretak), «.net» (nettverk) og «.org» (ikkje-kommersielle organisasjonar), og dei nasjonale som «.no» (Norge) og «.se» (Sverige).

Kjelde: snl.no