Kvae 
Den kunstige kvaa i treet fangar opp karbon frå lufta gjennom ein kjemisk reaksjon.
             
          
            
            
              Plastgreiner 
Desse filtera inni greinene til treet er laga med menneskelunger som modell. Dei store overflatene gjer at ein kan fange opp meir gass.
             
          
            
            
              Livsblod 
Kvae og vatn strøymer gjennom treet.
             
          
            
            
              Menneskekraft 
Vippehusker plasserte ved foten av treet fungerer som leikeplass for barn og andre forbipasserande. Samtidig skaper rørslene straum som driv treet.
             
          
            
            
              Soldriven pumpe 
Straumen frå solpanela driv ei pumpe nedst i treet. Ho flyttar kvae og andre stoff gjennom røyra.
             
          
            
            
              Stamme 
Den solide sokkelen er av metall.
             
          
            
            
              Miljøvennleg struktur 
Trea er laga av resirkulert plast frå drikkeflasker.
             
          
            
            
              Luftfilter 
Når lufta går gjennom plastfiltera, blir det trekt inn karbondioksid, som så blir bunden opp med hjelp av ein kjemisk reaksjon.
             
          
            
            
              Solpanel
På oversida har dei kunstige trea panel som hentar energi frå sollyset slik ekte tre gjer, men i motsetning til plantar omdannar desse trea energien til straum.