Forfattarar jobbar med å skrive bøker og anna skriftleg materiale. Ofte blir forfattartittelen knytt til dei som skriv skjønnlitteratur, forfattaryrket omfattar likevel langt meir.
I mange samanhengar er det vanleg å dele forfattarar inn i grupper etter kva sjanger dei skriv i, til dømes skjønnlitteratur, fagbøker/sakprosa, barnebøker, skodespel og så bortetter. Du kan også ha ein meir spesifikk yrkestittel enn forfattar, dersom sjangeren du skriv i opnar for dette. Ein slik yrkestittel kan vere lyrikar, tekstforfattar, dramatikar eller (film)manusforfattar.
Skjønnlitterære forfattarar skriv romanar, noveller, dikt og liknande.
Ein fagbokforfattar (forfattar av sakprosa) skriv bøker om emne innan eit bestemt fagområde. Det kan vere alt frå lærebøker til biografiar og bøker skrivne av bloggarar. Forfattarar av sakprosabøker er ofte fagfolk eller ekspertar, og skriv for å formidle kunnskapane sine til eit større publikum. Eller dei skriv om eit tema dei er opptekne av.
Vanlege arbeidsoppgåver for forfattarar:
- undersøke eit tema og samle inn materiale
- skrive tekst
- forme ut tekst, ofte i samarbeid med ein forlagsredaktør
- foredrag, opplesingar eller boksigneringar
Arbeidsmetodane og skriveprosessen kan vere svært ulik forfattarar imellom. Nokre forfattarar skriv systematisk eit par timar kvar dag, mens andre skriv svært mykje over kortare periodar. Kor lang tid ein forfattar bruker på å skrive ei bok varierer også ein del. Forfattaryrket er generelt sett svært tidkrevjande.
Mange forfattarar er tilknytt eit forlag og har avtalar om produksjon i samarbeid med det. Andre forfattarar skriv på eiga hand. Desse må jobbe for å få sine verk antatt. Når eit manuskript er ferdig sender ein det til eitt eller fleire forlag. Forlaga vurderer så om dei ønskjer å bruke manuskriptet. Dersom eit forlag vel å anta manuskriptet vil forlaget og forfattaren lage ei avtale, for så å jobbe vidare med prosjektet saman.
Det går også an å gi ut bøker på eige forlag, eller forlag for såkalla sjølvpublisistar, der ein ikkje treng å bli antatt, men må betale for kostandene knytt til utgivinga sjølv.
Nokre forfattarar med god språk- og kulturkunnskapar arbeider også som omsettarar.
Forfattartittelen er ikkje verna. Ein kvar som skriv kan derfor kalle seg forfattar.