Dei sosiale forskjellane aukar i Noreg
Noreg er eit av landa i verda med minst økonomiske og sosiale forskjellar. I dei siste åra har dei sosiale forskjellane likevel auka. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er årsaka at dei rikaste i Noreg blir rikare.
Samtidig har SSB funne ut at arbeidsinnvandring pressar lønene til dei dårlegast betalte jobbane ned. Folk som kjem frå andre land får, og godtek, oftare lågare løn enn nordmenn.
             
          
            
            
              Økonomi skaper utfordringar for familiar. Dei aller rikaste pressar prisane opp, til dømes når det gjeld kjøp av bustad. Foreldre med låg inntekt klarer ikkje alltid å dekke behova til barna sine.
Barnefattigdommen i Noreg har auka sidan begynnelsen av 2000-talet, og han veks raskare enn fattigdom blant vaksne.