Ein million artar i fare!
Visste du at over ein million artar står i fare for å bli utrydda på jorda? Berre i Noreg er det over over 2700 artar som er trua. Kvifor forsvinn dyr og plantar, og kva betyr det for det biologiske mangfaldet?
📷 Papegøyerørsoppen er ein kritisk trua art i Noreg.
 
        Papegøyerørsopp
 
        Insekthus i en hage bygd av naturlige materialer fra naturen
 
        Sjøku svømmer i Crystal river, Florida
 
        Termitter bygger et rede under et tre
 
        Villgress på fjellet i solnedgang
 
        Brunsnegler i en brun plastikboks i en hage
Utrydding er naturleg
Det er ikkje noko nytt at artar forsvinn. Sånn har det alltid vore. Vi kan finne fossil av dyr som har levd tidlegare, og som no er utdøydde. Det nye er at artane blir utrydda raskare enn før.
Tidlegare skjedde utryddinga over millionar av år. No skjer det i løpet av nokre hundre år. Sidan 1500-talet har 570 planteartar og 700 dyreartar over heile verda blitt utrydda.
📷 Av det nordlege stumpnashornet finst det berre 2 eksemplar igjen på planeten. Det er ei mor med dottera si. Tidlegare fanst dei i tusentals i Sentral-Afrika.
 
        Stumpnesehornmamma og kalv på den afrikanske savannen
 
        Flaggermus hengende i et tre
Korleis påverkar menneske det biologiske mangfaldet?
FNs rapport viser til fem hovudårsaker til at menneske påverkar det biologiske mangfaldet.
• Vi brukar større delar av naturen
• Vi utnyttar plantar og dyr
• Vi er med på å endre klimaet
• Vi forureinar naturen
• Vi innfører og spreier framande, skadelege artar
 
        London skyline dekket med trær
 
        Oppdrettsanlegg i Lofoten
Kvegdrift
Kveg er det pattedyret det finst flest av i verda. Over halvparten av alle pattedyr er kveg. Ville dyr utgjer berre 4 prosent. Menneske utgjer 36 prosent av alle pattedyr.
Det er altså mange kyr på jorda!
Ein firedel av alt isfritt land på jorda blir faktisk brukt som beitemark for kveget.
Kva kunne beiteområda vore brukte til viss det vart mindre kvegdrift?
 
        Kveg på et jorde
Overfiske
Overfiske er eit problem der me fiskar for mykje fisk frå havet. Dette skjer når store fiskebåtar tek opp så mykje fisk at det ikkje er nok igjen til å halda bestanden levedyktig.
Ein «bestand» er talet på fiskar av same slag i havet. Viss me fiskar for mykje, blir det ikkje nok vaksne fiskar til å laga yngel. Dette skader heile økosystemet i havet.
Dei siste 40 åra har menneske fiska så mykje at over halvparten av alle fiskebestandar har vorte redusert kraftig.
 
        Industriell fisking. Store mengder fisk fanget i garn
Havet blir tømt
For å kontrollera problemet med overfiske, har nokre land innførte reglar som blir kalla fiskekvotar. Dette betyr at det er ei grense for kor mykje fisk ein kan fanga.
Dessverre hender det at desse reglane ikkje blir følgde, og folk fiskar meir enn det som er lov. Nokon fiskar ulovleg fordi dei vil tena meir pengar, andre gjer det fordi dei treng mat. Det kan skada fiskebestandane endå meir.
 
        Mengder av fisk på en båt
Jakt på trua artar
Mange tjener milliarder av kroner på å selge sjeldne dyr. Jo færre gjenlevende dyr det er av en art, desto mer kan de ta betalt for dem.
I Afrika er det populært å jakte på «de fem store». Det er bøffel, neshorn, elefant, tiger og løve. Neshorn og elefant blir også jaktet på fordi deres horn og støttenner er så verdifulle.
Dyr i havet er også truet. Der jakter man på hai bare for å tak i haifinnene. Disse brukes blant annet til suppe
 
        En flokk elefanter i Serengenti
Tener pengar på gammal overtru
Mange, spesielt i asiatiske land, trur at horn og støyttenner kan heila alvorlege sjukdommar.
Dette er i dei fleste tilfelle berre gammal overtru, og ein del av kultur og kinesisk tradisjonell medisin. Dei som sel slike produkt, kan tena mange pengar.
 
        Elfenbenornamenter
 
        Mikroplast i en skje
 
        Isbjørn på isflak
 
        Innsjøer formet som fotavtrykk i en grønn skog.
Kjelder:
- ipbes.net (01.11.22): Global Assessment Report on Biodiversity and Ecosystem Services
 https://ipbes.net/global-assessment
- fn.no (01.11.22): Menneskelig aktivitet truer eksistensen til én million arter
 https://www.fn.no/nyheter/fns-naturpanel-menneskelig-aktivitet-truer-eksistensen-til-en-million-arter
- miljodirektoratet.no (01.11.22): Truede arter i Norge
 https://miljostatus.miljodirektoratet.no/Truede-arter/
- wwf.no (01.11.22): Nesehorn
 https://www.wwf.no/dyreleksikon/neshorn?utm_source=1400&gclid=Cj0KCQjwjIKYBhC6ARIsAGEds-JYXwllJsdShgsKsrqkshn6LOfhw_lBxVPhLvKdAewuJfxUjodXgfIaAhyZEALw_wcB
- Frafjord, Karl: skjelldyr i Store norske leksikon på snl.no.
 Henta 1. november 2022 frå https://snl.no/skjelldyr
Bilde- og videorettar:
- 
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
- 
Getty Images
 
- 
Relaterte yrker
Synes du dette var spennende lesning? Her har vi forslag til noen yrker du kan utforske:
 
             
            