Tolv kvinner i krig
Møt 12 kvinner som fann vegen ut på slagmarka og beviste at dei høyrte heime der.
Kvinner kan også slåst
Gjennom historia har mange kvinner stått klare med sverd eller gevær. Dessverre har kvinnene sine bidrag ofte blitt gløymde.
Her kan du lese om nokre av dei kvinnelege krigsheltane. Alle har dei kjempa for landet sitt, heimen sin og seg sjølve. Nokre namn er godt kjende, mens andre er gløymde.
Desse kvinnene kjem frå alle verdshjørna og alle samfunnslag. Dei har bidratt til å forme den verda vi kjenner i dag, og dei har alle ei historie å fortelje. Ingen av historiene er like, men dei har alle ein viktig fellesnemnar: kampånda.

Fu Hao
Ukjent–ca. 1200 f.Kr.
Shang-dynastiet
Fu Hao var gift med kongen av Shang-dynastiet, Wu Ding. Ho levde eit liv andre kvinner berre kunne drøyme om.
Fiendar utfordra ofte Shang-dynastiet. Fu Hao var med på å nedkjempe alle. Ho kunne sjølv velje kva for soldatar som skulle følgje henne. Kvar gong kom ho sigrande heim.
Fu Hao er gravlagd som ein kongeleg krigar. I grava fekk ho med seg over 100 våpen!

Statue av Lady fu hao
Artemisia I av Karia
ca. år 500 f.Kr.
Det persiske riket
Då kong Lygdamis døydde, arva barnebarnet hans trona. Guten var så ung at mora Artemisia styrte for han. Ho var oppkalt etter Artemis, jaktgudinna.
Artemisia var ei modig og rettferdig kvinne. Då persarane gjekk til krig mot Hellas, kjempa ho saman med soldatane sine.
Soldatane frå Hellas ville drepe henne. Dei lova ei belønning på 10 000 drakmar til dei som klarte det. Vi veit ikkje om ho vart tatt til fange eller drepen. Etter at persarane gav opp krigen, forsvann ho frå alle historiske tekstar.

Kampen om Salamis Italiano
Prinsesse Pingyang
ca. 600–623 e.Kr.
Tang-dynastiet, Kina
Keisar Yang var upopulær. Folk hata han fordi krigar og byggeprosjekt kosta millionar av menneskeliv. Saman med dottera Pingyang gjorde general Li Yuan opprør.
Meir enn 70 000 opprørarar vann over soldatane til keisar Yang. Han måtte flykte, og Li Yuan blei ny keisar. Slik oppstod Tang-dynastiet. Pingyang døydde nokre år seinare og fekk ei militær gravferd.

Bilde av Li yuan tang
Triệu Thị Trinh
225–248 e.Kr.
Vietnam
Triêu Thi Trinh vart fødd i ein liten vietnamesisk landsby. Ho vart tidleg foreldrelaus. Då ho såg korleis kinesiske soldatar behandla innbyggjarane i landsbyen, gjekk ho til kamp.
Triêu samla ein hær på 1000 soldatar. Før ho fylte 21 år, hadde dei kjempa i meir enn 30 slag. Ho gav aldri opp, og ho hata at nokre vart mishandla. Til slutt vart ho slått av kinesarane.

Bilde av Lady Triệu
Boudicca
1. århundre e.Kr.
Ikenarane
Den romerske hæren kom til Storbritannia for å okkupere landet. Der møtte dei ei sterk motstandskvinne, Boudicca.
Døtrene hennar var blitt bortførte og valdtekne av dei romerske soldatane. Andre familiemedlemmar var tekne som slavar. Ho hadde noko å hemne!
Boudicca og hæren hennar herja med romarane. Dei drap sivile og brende alle bygningar dei såg. Dei øydela gravsteinar og statuar på romerske kyrkjegardar. Romarane samla ein hær på 10 000 menn for å stoppe pøblane.
Slaget ved Watling Street i år 61 e.Kr. vart ein lang og valdeleg kamp. Boudicca kjempa saman med døtrene sine, men ho vart ikkje drepen. Likevel valde ho å ta gift i staden for å bli tatt til fange av fienden.

Boudicea taler
Khawlah bint al-Azwar
600-talet
Rashidun-kalifatet
Under eit slag ikkje langt frå dagens Israel kjempa ein svartkledd riddar mot ein romersk hær. Alle trudde at riddaren var Khalid ibn al-Walid, ein sterk og modig mann.
Men det var Khawlah bint al-Azwar. Ei kvinne som leita etter broren sin. Ho hadde fått god våpentrening og var ein sterk soldat.
Seinare vart ho tatt til fange saman med fleire andre kvinner. Fangane angreip vaktene med teltpluggar og teltstenger og drap 30 mann. Etterpå rømde dei og bidrog til at 3000 mann døydde.

Khawlah bint al-Azwar
Lady Agnes Randolph, grevinne av Moray
ca. 1312–1369
Skottland
I 1338 kom engelskmennene for å invadere Dunbar Castle i Skottland. Der venta grevinna av Moray på dei, for å forsvare borga.
Då engelskmennene brukte rambukk for å bryte seg inn i slottet, sleppte dei store steinar i huvudet på dei. Soldatane trua også med å drepe broren hennar. Den trusselen vart ho ikkje redd av. Då ville jo ho arve borga. Dermed gav engelskmennene opp og drog heim.

Agnes Randolph, grevinne av Dunbar og mars
Jeanne d’Arc
ca. 1412–1431
Frankrike
Jeanne d’Arc er ein fransk nasjonalhelt. Det vart ho under hundreårskrigen mellom England og Frankrike på 1300- og 1400-talet.
Jeanne vart fødd inn i ein bondefamilie. Framtida såg ikkje så lys ut. Det endra seg etter at ho fekk besøk frå Gud. Han sa til henne at ho skulle leie Frankrike til siger. Sjølv om ho ikkje var soldat, klarte ho å sigre over engelskmennene ved byen Orléans. Jeanne ville ta tilbake fleire franske byar, men det vart vanskelegare enn ho trudde.
Ved byen Compiègne vart ho kasta av hesten og tatt til fange. Fienden var redd for at patriotismen hennar skulle smitte over på dei franske soldatane. Under ei rettssak vart ho klaga for å vere heks. 19 år gammal vart ho brend på bålet. Vi har aldri gløymt heltemotet og patriotismen hennar.

Portrett av Jeanne d’Arc

Mai Bhago også kjent som Mata Bhag Kaur, var en sikh-kvinne som ledet sikh-soldater mot Mughals i 1705.

Statue av Nakano Takeko
Lozen
1800-talet
Chiricahua-apasjane
Lozen var aldri interessert i det typiske kvinnearbeidet i stammen. Ho ville bli krigar. Då ho fylte 20 år, var ho ekspert på å stele hestar. Ho blei også ein flink ryttar og skyttar.
Saman med broren Victorio kjempa ho for å ta tilbake landet som var stole frå dei. Victorio var stolt av søstera si. Ho var den «høgre handa mi, sterk som ein mann, modigare enn dei fleste og eit skjold for folket sitt.»

Bilde av Lozen
Ljudmila Pavlitsjenko
1916–1974
Sovjetunionen
Ljudmila Pavlitsjenko melde seg til den sovjetiske hæren i 1941. Ho var ei åleinemor frå Ukraina, og fekk tilbod om å vere sjukepleiar. Dette fann ho seg ikkje i. I staden vart ho den farlegaste kvinnelege snikskyttaren i historia. Ho drap 309 tyske soldatar. 36 av dei var snikskyttarar som gøymde seg i ruinar for å skyte fiendar.
Den nye heimen hennar blei 25. Tsjapajev rifledivisjon. Eit feilgrep kunne bety døden. Tyskarane begynte å snakke til henne over høgtalarar i eit forsøk på å få henne over på si side.
Pavlitsjenko var ein av 2000 kvinnelege snikskyttarar i Sovjetunionen under andre verdskrig. Berre 500 overlevde. Ho har fortent heider og ære.
Ho var den første sovjetiske soldaten som fekk besøke Det kvite huset i USA.

Portett av Lyudmila Pavlichenko
Kjelder:
|
Bilet- og videorettar:
Ukjent
Ukjent og Legends Unfolding – 傳奇時代 – Youtube
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent
Ukjent