Kunsten å skifte meining
Det kan vere vanskeleg å bestemme seg, men kvifor er det ofte enda vanskeligere å skifte meining? Skal du alltid stå for meiningane dine, eller kan det være lurt å trene på å utfordre dei? Kvifor skal du endre meining, og når bør du gjere det?

Kunsten å
skifte meining
Det er ikkje alltid så lett å bestemme seg. Det kan vere ting som handlar om mat, klede eller ein TV-serie. Men viss ein venn har eit innspel, kan vi lett endre vår eiga meining.
Det er andre val i livet som kjennest større enn kva du vil sjå på TV. Val som seier kven du ønskjer å vere eller bli. Kva skule skal du gå på? Kva for eit politisk parti skal du stemme på? Burde du gi pengar til tiggarar?
Har du kjent på at det er vanskeleg å endre meining når du først har bestemt deg? Kvifor det, trur du? Må vi eigentleg skifte meining?

Dame som sitter foran pcen og tenker
Korleis kjem vi fram til det vi meiner?
I løpet av oppveksten opplever og lærer vi mykje frå menneske rundt oss. Desse erfaringane brukar vi for å skape haldningar og meiningar.
Verdiar som rettferd, likestilling, ærlegdom og solidaritet sit djupt i dei fleste av oss. Kanskje vi ikkje alltid tenkjer at dei er der. Verdiane seier noko om deg som menneske.
Har du kjent på urettferd nokon gong? Det er ikkje alltid lett å forklare kvifor du kjenner det. Vi ønskjer å forsvare oss når slike verdiar blir trua.
Opplevingar, erfaringar og kunnskap er med på å skape haldningane våre. Dei sit djupare enn meiningar, og dei fortel kva slags person du er.
Haldningane våre hjelper oss i møte med andre menneske. Dei kan vere vanskeleg å endre. Ei haldning som ikkje handlar om fakta, kan vi kalle ein fordom. Vi trur noko om nokon utan å vite det sikkert. Då kan vi ofte tenkje feil om folk.
Vi får og skiftar meiningar nesten heile tida. Nokre meiningar forsvinn like raskt som dei kjem. Andre meiningar set seg djupt i oss og blir til ei haldning. Det er ikkje sikkert du veit kvifor du misliker naboen. Det har berre vorte ei haldning.

Tenåring snakker i en støttegruppe
Usamde?
Tenk deg at du er usamd med vennane dine om kva for TV-serie de skal sjå. Det er ikkje sikkert det skal så mykje til før du endrar meining. Men kva om det er større og viktigare ting du brenn for. Endrar du lett meining då?

Jentegjeng som ser på film med pop corn
Eg skjønner ikkje kvifor dei ikkje berre forstår!
Har du kjent deg sint og frustrert når andre ikkje forstår kva du meiner? For deg kan det vere så sjølvsagt. Du er heilt sikker på at den andre tar feil. Likevel klarer du ikkje å skifte meining hos den andre. Den andre kan berre bli endå sikrare på si eiga meining.
Nokre gonger set vi det logiske til side. I staden støttar vi meiningar som passar oss der og då. Same om det stemmer eller ikkje. Kvifor er det sånn?
Treng vi eigentleg å endre meining?
Det kan hende du manglar oversikt
Vi blir bombarderte av informasjon i sosiale medium kvar dag. Informasjonen kjem raskt og kan vere uoversiktleg. Trur du på alt du les? Ein kan tru ein veit mykje om ein ting berre fordi ein har lese mykje om det. Hugs då på at det du les, er ei blanding av sant og usant.
La andre få lov til å utfordre meiningane sine
I samtale med andre må ein vise respekt. Bli kjend med meininga til den andre, og ta ho på alvor. Då får vi eit meir inkluderande samfunn. Det kan bli tryggare å tenkje nye tankar viss vi blir møtt på ein skikkeleg måte.
Vi kan lære av usemje
Det er ikkje slik at vi alltid må skifte meining. Men det er lurt å lytte til meiningane til kvarandre og få nye tankar. Det kan jo hende at du innser at dei nye tankane er bra for deg.
Kva trur du? Lærer du meir om eigne meningar ved å høyre andre sine?

En gjeng tenåringer som sitter sammen i et friminutt
Kvifor er det så vanskeleg å endre meining?
Tenk deg at du forsøv deg og må springe for å rekke bussen. Merkar du varmen frå sola og kvitringa til fuglane då? Får du med deg alt du ser, les og høyrer kvar dag? Noko av det vi opplever, får vi med oss, men ikkje alt. Dei vi er saman med, forsterkar ofte dei meiningane vi har. Sjølv om noko av det kan vere feil.
Bekreftelse
Det kjennest godt å vinne ein diskusjon, gjer det ikkje? Det beste vi veit er å få rett. Men det er ikkje alltid så viktig om det er riktig det vi meiner.
Tilhøyrsel
Har du vore åleine om å meine ein ting i ei gruppe? Og kjent på at du følte deg litt utanfor? Det er lett å hamne utanfor gruppa. Like meiningar skaper fellesskap. Når vi meiner noko anna enn gruppa, truar det identiteten vår. Å bli sagt i mot kan kjennest som eit angrep på den vi er.
Det kjennest riktig
Nokre gonger kjenner vi rett og slett at avgjerdene våre kjennest riktig. Kjenslene tar over det logiske. Då kan det vere både ubehageleg og vanskeleg å endre meining. Sjølv om det vi meiner, kan vere feil.
Vi filtrerer bort
Kvar dag blir vi utsett for mange inntrykk. Får du med deg alt som skjer rundt deg? Det er altfor mykje informasjon rundt oss til å få med seg alt. Hjernen hjelper oss med å filtrere bort det som betyr minst der og då.

En gutt som prøver å få bussen til å stoppe
Kva skal til for at vi
endrar meining?
Klarer du å vere kritisk til eigne tankar? Vel, då kan du vere på god veg. For å endre meiningar må du våge å gjere det. Du må og vere villig til å lære noko nytt.
Det kan vere både vanskeleg og gøy å lære nye ting. Men det kan og vere vondt å endre på ting ein trur på.
Når bør ein endre meining? Kva kan skje dersom ingen gjer det?

Barn som ligger på gulvet å tegner
Korleis kan vi trene kritisk tenking?
Alt du tenkjer, er ikkje alltid riktig. Du må våge å utforske nye tankar og idéar.
Du har sikkert kjent nokre gonger at du har hatt rett og andre feil. Korleis var det? Kva gjorde du?
Kvifor er det slik at vi har ulike meiningar? Vi kan lære av kvarandre når vi er nysgjerrige og opne for meiningane til andre.
Er du heilt sikker på at det du meiner er rett? Har du fått riktig informasjon, eller burde du undersøkje meir?
Det å meine det same som gruppa kjennest ofte godt. Kvifor er det slik? Har du tenkt på om det de trur på, er sant? Eller er det ikkje lov til å stille kritiske spørsmål?

Elever som gjør lekser sammen
Høyrer du?
Vi må trene oss opp til å lytte til andre sine meiningar. På den måten lærer vi meir. Vi lærer lite viss alle er meir opptekne av sitt eige enn å høyre etter. Kva kan du gjere for å bli ein god lyttar?
Det finst ulike måtar å lytte på:
- Indre lytting: Du lyttar med å samanlikne det du høyrer med deg sjølv.
- Konsentrert lytting: Du lyttar nøye på den andre, og viser interesse for kva personen faktisk seier.
Ikkje-verbal lytting: Du lyttar meir til dei tinga som ikkje blir sagt. Det kan vere ansiktsuttrykk, kroppsspråk og måten personen snakkar på.
Du er ein aktiv lytter når du lyttar konsentrert og ikkje-verbalt. Det er vanskeleg å lytte aktivt. Derfor må vi øve på det. Klarer du det, vil det bli skapt tillit.

En jente som hører på det venninnen har å fortelle
Korleis trene på aktiv lytting i praksis?
- Ikkje avbryt den andre.
- Sjå saka frå den andre si side. Sjå den andre i auga.
- Nikk bekreftande. Sei «OK», «Eg høyrer kva du seier», eller «Eg skjønner kva du meiner».
4. Ver nysgjerrig. Spør om du ikkje forstår: «Kva meinte du?», eller «Kan du forklare?»
5. Gjenta kva den andre seier: «Det du fortel er …», og «Har eg forstått rett?»
6. Om noko kjennest feil – undersøk: «Det var interessant – kan du fortelje meir?», eller «Eg har ikkje tenkt på det før – kan vi undersøke det saman?»
Aktiv lytting hjelper oss til å forstå betre. I ein diskusjon treng ingen å føle seg som ein tapar. Vi må møte kvarandre med respekt. Vi må gi og ta. På den måten kan tankar og meiningar få liv.
Vi må utfordre kvarandre!
Det er bra med usemje, men vi må møte kvarandre med respekt og forståing. Det kan vere gode grunnar til at nokon meiner noko anna enn deg. Vi toler å teste meningane våre når det kjennest trygt og godt. Vi samlar på gode idéar og kvittar oss med dårlege.
Tenk på ei sak du brenn for. Dei som er usamde – kva meiner dei?

Mor som hjelper barna med lekser
Kjelder:
- ABC Nyheter (24.06.2022): Derfor bør du lære nye ting hele livet
https://www.abcnyheter.no/helse-og-livsstil/helse/2018/09/24/195435645/derfor-bor-du-laere-nye-ting-hele-livet
- Aftenposten (24.06.2022): Hvorfor er det så vanskelig å skifte mening?
https://www.aftenposten.no/amagasinet/i/3jVoR0/hvorfor-er-det-saa-vanskelig-aa-skifte-mening
- NDLA (24.06.2022): Holdninger, meninger og verdier
https://ndla.no/subject:1:777ae87e-ca79-4866-920a-115cfeb7bbe1/topic:2:183732/topic:1:b6562a48-8510-46b3-a0d2-b53dd9da349f/resource:1:122106
- Forskning.no (27.06.2022): Hvorfor tror vi mest på det som passer med meningene våre?
https://forskning.no/spor-en-forsker/spor-en-forsker-hvorfor-tror-vi-mest-pa-det-som-passer-med-holdningene-vare/356964
- Human.no (28.06.2022): Er du sikker på det?
https://www.human.no/kampanjer/er-du-sikker-pa-det
- Kristiania.no (30.06.2022): Hvor god er du til å lytte?
https://www.kristiania.no/kunnskap-kristiania/2020/01/hvor-god-er-du-til-a-lytte/
- Forskning.no (30.06.2022): Når alle er opptatt å få sagt sitt uten å lytte, lærer vi mindre
https://forskning.no/partner-pedagogikk-podcast/nar-alle-er-opptatt-av-a-fa-sagt-sitt-uten-a-lytte-laerer-vi-mindre/1991771
- NDLA.no (02.08.2022): Normer, verdier og holdninger
https://ndla.no/subject:1:78e538a3-78bf-4db2-af00-2ca7d721cb25/topic:2:198170/topic:2:198460/resource:1:198716
Bilde- og videorettar:
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images