 
        En gutt svømmer i vannet med pengesedler
 
        En jente sitter i rullestol i et tomt rom
 
                
     
        En gutt husker ute og er glad
Å hamne på rett hylle
Riktig jobb er så mykje meir enn å tene godt. Når du vel ein jobb ut frå kven du er og kva du liker å gjere, er sjansen mykje større for at du vil trivast på arbeidsplassen. Vi seier at du hamnar på rett hylle.
Viss du vel ein jobb du mistrivst i, kan det gå utover helsa. Du kan bli stressa, sove dårleg og utvikle angst og depresjon.
Det er ikkje alltid lett å finne draumejobben, men ver tolmodig. Ikkje gi deg før du finn ein jobb som du både kan leve av og trivast i.
