Vikingane
Arven etter vikingane
Vikingane levde for 1000 år sidan. Kva har vi lært av historia deira?
Populærkultur
I dag finst det mange referansar til vikingane i populærkulturen. Det grunnleggjande universet i Ringenes Herre- bøkene, filmane og TV-serien er henta frå vikingtida. Også nyare forteljingar som Harry Potter, Game of Thrones og Marvels Mighty Thor-serie, er baserte på norrøn mytologi.
Vikingnamn
Namn som Astrid, Ingrid, Ingebjørg, Bjørg, Aud, Åse, Bjarne, Åsmund, Egil, Frode og Erland, er norrøne namn. Også mange stadnamn har overlevd frå vikingtida til i dag: Ulsrud, Ullern, Ullensaker, Telemark, Vestfold, Agder og Eidsvoll – for å nemne nokre få. I dag er det òg populært å gi norske oljeplattformer og oljefelt norrøne namn: Sleipner (Odins hest), Snorre, Frigg, Oseberg, Gullfaks, Valhall, Balder, Åsgard, Jotun og Njord er nokre døme.
📷 Tjängvidesteinen er ein bildestein frå Gotland. Motivet viser mellom anna Odin på hesten Sleipner.
Vekedagane
Restar etter vekedagane til vikingane finst framleis i namna på vekedagane våre. Den første dagen i veka til vikingane var fredag, og dette var Friggs/Frøyas dag. Laurdag var badedag (laugardag) for vikingane. Søndag er solas dag, måndag er månedagen, tysdag er krigsguden Tyrs dag, onsdag er Odins dag og torsdag er Tors dag. Dette var den siste dagen i veka i vikingtida. Tingsamlingane vart opna denne dagen, og blóta vart normalt haldne på ein torsdag.
📷 “Ofring til guden Thor” av Johan Ludwig Lund.
Julefeiring: Jól
Sagaene om vikingtida fortel at folk kom saman til Jólblot. Då brygga dei øl i felleskap. Dette ølet skulle drikkast til minne om gudane. Det vart òg gitt julegåver både for å skaffe seg nye venner og for å heidre gamle venner. Gåver var i hovudsak våpen og klede, og også vakre skrin og smykke.
📷 «Håkon den Gode og bøndene ved blotet på Mære» av Peter Nicolai Arbo.
Odelsrett
Odelsretten er ein særnorsk rett som går tilbake til vikingtida. Etter Gulatingslova fekk slekta odelsrett til jord etter seks generasjonar. Frostatingslova sette grensa ved fire generasjonar. Magnus Lagabøte innførte i mellomalderen ei føresegn om at odelsrett vart erverva for jord som hadde vore i eiget til familien i 60 år. I 2009 vart begge kjønn likestilte i odelsrekkjefølgja, og både gutar og jenter kan no arve garden.
Verdiar
Du har kanskje ikkje tenkt over det, men på mange område er vikingane framleis med oss den dag i dag.
Vêr modig, vêr godt førebudd, vêr ein god venn, vêr tilpasningsdyktig – desse er viktige verdiar frå vikingtida.
Kjelder:
- Forskning (15.11.2023): Vikingene hadde ikke hjelmer med horn
https://forskning.no/vikingtiden/vikingene-hadde-ikke-hjelmer-med-horn/1993952
- Vold, Thurid: nasjonalromantikken i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/nasjonalromantikken
- Bull, Tove: Ivar Aasen i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/Ivar_Aasen
- Keiserud, Erik; Elden, John Christian: jury i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/jury
- Ordbøkene (15.11.2023): Odelsrett
https://ordbokene.no/bm/41802/odelsrett
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Offentlig eiendom
-
Johan Ludwig Lund / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Riksarkivet (CC BY-SA 4.0)
-
Peter Nicolai Arbo / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Msvea (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-